TUSSA CUP 2021







FOTBALLTURNERING FOR BARN OG UNGE

Hødd inviterer til TUSSA CUP 22. og 23. mai 2021. Dette er ei ny turnering på våren for aldersgruppa 6-12 år og 13-17 år, der vi satsa på stor aktivitet og fotballglede! Med eit topp moderne anlegg og god erfaring med å arrangere barnefotballturnering, så håper vi å skape ei flott ramme for både store og små!

Meld deg på i dag!

TUSSA CUP 2021

Hødd har over 20 år arrangert Tare Cup i Ålesund på hausten for aldersgruppa 6-12 år og dette med stor suksess!

Vi ynskjer no å starte opp ei turnering også på våren for både gutar og jenter, men då i Ulsteinvik og på Høddvoll. Her kan vi tilby eit topp moderne anlegg med svært gode fasilitetar, kiosk/ kafeteria i tilknytning til stadion, to store 11ar baner, og ei 7ar bane (innandørs). Vi legg også opp til å filme enkeltkampar på hovudarenaen (Høddvoll) og vise dei på storskjerm.





TUSSA LIGAEN - E-SPORT


Vi ynskjer å skape stor aktivitet under turneringa og vi legg også opp til E-SPORT og FIFA-turnering på Høddvollhuset, der deltakarane som er spelinteresserte kan kome innom å sjå andre spele eller prøve sjølv.


KAMPAVVIKLING
Speletid - laurdag
3-ar fotball (6 år): 1x8 min (minimum 5 kampar)
3-ar fotball (7 år): 1x13 min (minimum 5 kampar)
5-fotball (8-9år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
7-ar fotball (10-12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
9-ar fotball (12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)

Vi tilbyr både 7-ar og 9-ar fotball i 12års klassa.


Speletid - søndag
9-ar fotball (G13/ J13): 2x20 min (minimum 3 kampar) + sluttspel
11-ar fotball (G14/ J15): 2x20 min (minimum 3 kampar) + sluttspel
11-ar fotball: (G16/ J17): 2x25 min (minimum 3 kampar) + sluttspel

Det blir både A-og B-sluttspel.

Det vert spelt fotball etter NFF sine spelereglar.
Alle lag i aldersgruppa 8-12 år vil få minst ein kamp på hovudarenaen. Aldersgruppa 6-7 år vil spele sine kampar i Ulsmohallen under gode forhold uansett vær.

PÅMELDING

Frist: søndag 9. mai

Påmelding:
https://tussacup.cups.nu/j/public/reg

BETALING

kr. 650 pr. lag (3-ar)
kr. 900 pr. lag (5-ar og 7-ar)
kr. 1100 pr. lag (9-ar og 11-ar)

Betaling av påmeldingsavgift, ved påmelding.
Prisen inkluderer transaksjonsgebyr for påmelding.

Om ein trekker laget etter onsdag 12. mai, vert ikkje påmeldingsavgifta refundert.

Blir turneringa avlyst grunna restriksjonar frå myndigheitene, så vil vi refundere heile påmeldingsavgifta.

Turneringslink: tussacup.cups.nu/

TURNERINGSREGLEMENT

TURNERINGSSPONSOR


*